Gudbrandsdalen

Bunaden byggjer på draktskikken frå andre halvdel av 1800-talet, og kan brukast me tre forskjellige jakker.



Jakke/ Trøye

Jakka fins i tre forskjellige variantar, halvsid svart, halvsid kvit eller kort svart. Bunaden vert sydd i vadmel eller klede.

Bukse/ Knebukse
"Lokbrok" eller klaffebukse vert mest nytta. Den har seks sølv- eller tinnknappar på klaffen, samt sølvspenne og tre knappar ved kneet.

Vest
Den mest typiske Gudbrandsdalsvesten er raudruta med gråkvit rygg, men andre farger og kvalitetar kan og brukast. For eksempel brokade eller ulldamask. Vesten har to lommer.

Skjorte
Er i bomull eller lin, med oppståande krage. I ermane blir det brukt mansjettknappar og i halsen ein dobbel knapp oftast med anheng. Skjorta har god lengde og vidde på armane.

Strømper
Kan vera kvite med vrang og rett strikking, eller «rosahoso» i svart og kvitt ullgarn. Fletta sokkeband vert laga i ullgarn i fleire fargar.

Sølje
Halssølje med to knappar og anheng av ulike slag vert nytta.

Hovudplagg
Filthatt er eit alternativ som hovudplagg.

Anna
Belte med tollekniv gjer bunaden ekstra flott.


Detaljar brokkadevest


Detaljar brokkadevest


Detaljar frå ryggen, halvsid jakke.