Lier



Mannsbunaden frå Lier vart utvikla i 1980 og tok utgangspunkt i ein vest (datert ca 1850) frå Holtsmark i Sylling. Skreddarmester Fridtjof Fredriksen frå Drammen gjorde jobben med bunaden, som vart godkjent i 1982.

Trøye

Åpen, kort jakke med slag og krage i ulldrapé. Jakka er fora, og kragen er i svart fløyel.

Bukse
Buksa blir laga i same stoff som jakka og med "klaffefront". Til denne bunaden kan ein bruke både langbukse og knebukse.

Vest
Dobbelspent vest med sjarlskrage-slag og utan krage. Den blir laga i gråsvart rutet ullstoff med rygg i ubleika bomullslerret. Vesten har 2 sidelommer og regulerbart spensel i rygg.

Skjorte
Vanlig kvit bunadsskjorte i bomull eller lin, med halslinning. Det er også ein variant med broderi der møllestein er motivet. Me leverer begge deler.

Sølje
I halsen kan ein pynte med ei halssølje, og mange brukar også silketørkle.

Hovudplagg
Her er det ingen fast type, men vanligvis på bunader frå empirestilen vert det brukt ein eller annan form for svart hatt.

Detaljbilete av vesten.


Detaljbilete av knebuksa.


Detaljbilete av langbuksa.