Hallingbunad - Korttrøye

Den mest brukte, og best kjende av hallingbunadane til karar. Bunaden er inspirert av empirestilen og er frå ca 1850. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet vart eit finare drapeliknande stoff teken i bruk. Motane har endra denne bunaden; jakka og vesten har vorte lenger og livhøgda på buksa kortare. På bunader som er sydd rundt 1970 kan ein sjå at det vart laga bukser med sleng, som då var på moten.

Jakke
Blir laga i svart drape, tynt ullstoff. Dobbeltspent med seks par sølvknappar. Nedbretta krage med fløyelsbesetning, og slag.

Bukse
Det kan brukast både kort og lang bukse. Blir laga i same stoff som jakke og vest. Buksa kan lagast med vanleg gylf eller med klaff som blir knept fast.

Vest
Blir laga i same stoff som jakka, med nedbretta krage og slag. Fem par sølvknappar til knepping. Ryggen blir laga i svart forsilke

Skjorte
Skjorta blir som regel laga i bomull, men kan også lagast i lin. Den har kvitsaum på kragen. I halsen kan ein gjerne bruke ei enkel sølvnål eller krosstornring.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Til denne bunaden blir det som regel nytta svart hatt med fløyelsband

Anna
Det blir nytta fyriermar, sokkeband, selar, halseklut, bunadsko, klokkeband og sølvklokke til bunaden.