Aust-Telemark


Bunadsjakke
Åpen jakke utan for, med ståande krage og slag. Blir laga i naturkvit klede, slaga er i grøn og svart klede. Det er 2 lommeklaffer på jakka, men det er ikkje lommeposar. Jakka har broderi på krage, lommeklaffar, midt bak på ryggen og nede i front. Langs framkant, rundt krage, i nedkant, rundt lommeklaffar og rundt ermavslutning er det grønne biser.

Vest
Ein kan velgje om ein vil ha grønn eller svart vest.
Vesten blir laga i ullklede og er dobbelspent med slag og ståande krage. I ryggen på vesten er det bomullslerret, og vesten blir også fora med bomullslerret. Den har 2 sidelommer og regulering i ryggen.

Bunadsbukser
Ein kan velgje mellom knebukse eller langbukse.
Buksa blir laga i svart klede med klaffeåpning i front. Den har 2 sidelommer under klaffen, og rade og grønne biser langs sidesaumane. 
Klaffen, knesplitttane og knelinningane har grønne biser.


Det er mest vanleg å bruke sølvknappar i bunaden, men knappar i tinn kan evt brukast.


Detaljar frå jakka.


Detaljar frå ryggen.


Detaljar frå vest.